Årsmelding 1999

<< tilbake

Årsmøtet for 1999 vart halde på Alver Hotel den 24. april. Det var 22 personar tilstades, og 20 medlemsbedrifter var representerte. Foredragshaldar på årsmøtet var Rolf H. Sørland fra SND, som snakka om kva tilbod SND har til næringslivet i regionen. Prisen til årets bedrift gjekk til Fedje Mekaniske Industrier as. Prisen vart utdelt på festen seinare på kvelden.

Medlemer:
Sidan sist årsmøte er 8 verksemder opptekne som nye medlemer, og 6 verksemder har gått ut. Dei nye medlemene er Manger Holding as, Tømrerfirma Jon Arne Ulvøen, Mongstad Kran as, Umoe Olje og Gass as, avd. Mongstad, Hellem Revisjon og Økonomi, SMP Marine Produkter as, Meland Arbeidssenter as og Knarvik Hydraulikk & Slangeservice as. Dei utgåtte verksemder er Reigstad Maskinsenter as, Gico as, Norway Canning as, Trelasten as, Arvid Johannessen as og Leiknes Motor og Mekaniske. Medlemstalet er no 114, medrekna 4 æresmedlemer. Æresmedlemer er: Karstein Stene, Marvid Dale, Ivar Fivesdal og Arnt Brandtun.

Styre:
Tor Iversen, formann
Rune Fanebust, nestformann
Ivar K. Johannessen
Arvid Sulen
Magne Hope
Hans Wergeland
Arnt Brandtun
Trond Helland
Nils Landro

Valnemnd:
Roald Olsvold, formann, Olav Ståløy og Svein Tangen.

Arbeidsutval:
Tor Iversen, formann, Rune Fanebust og Trond Helland.

Revisor:
Svein Hodneland, varamann: Oddvar Sundsbø.

Styret har sett ned desse utval:

Næringsutval:
Arnt Brandtun, formann, Trond Helland og Ivar K. Johannessen.

Kommunikasjonsutval:
Arvid Sulen, formann, Magne Hope, Roald Olsvold og Hans Wergeland.

Utdanningsutval:
Rune Fanebust, formann, Nils Landro, Jarleiv Haugland og Svein Tangen.

Regionrådet sitt kontor er sekretariat for laget.

NHIL er elles representert slik:

Regionrådet sitt næringsutval:
Tor Iversen og Arnt Brandtun, med varafolk: 1. Trond Helland og 2. Ivar K. Johannessen.

Styret for Opplæringskontoret for Nordhordland:
Repr.: Tor Iversen. Vararepr.: Rune Fanebust.

Styret i Mongstad Utviklingsselskap AS:
Arnt Brandtun

Formannen representerer laget i andre samskipnader.

NHIL har eigarinteresser i Mongstad Utviklingsselskap AS og Nordhordland Industriservice AS.

Aktivitet:
I 1999 har det vore 10 styremøter og det har vore 1 medlemsmøte.  Styret har hatt 53 saker til handsaming, og det meste av arbeidet med desse har vore gjort i utvala.

Lagsturen gjekk til Solstrand, Os. Det var med 32 deltakarar, som var berre halvparten av antalet frå London-turen året før.   Forøvrig vil aktiviteten i laget framgå av utvala sine utgreiingar:

Næringsutvalet
Næringsutvalet har i år vore: Trond Helland, Ivar K. Johannessen og Arnt Brandtun (form.)

Den viktigaste saka utvalet arbeider med er kompensasjon for 3,5% høgare arbeidsgjevaravgift i kommunane Radøy, Austrheim, Meland og Lindås. Tilsaman er meirkostnadene ca. 80 mill. kroner pr. år. Av desse har kommunane fått signal om full kompensasjon, ca. 20 mill. kroner. Næringslivet arbeider for å få full kompensasjon, ca. 60 mill. kroner, i samsvar med fleirtalet i finanskomiteen sin merknad til budsjettet 2000 der dei ber regjeringa " i Revidert Nasjonalbudsjett kome med forslag til ulike kompensasjonstiltak som kan betre infrastruktur, styrke kompetansen i det lokale næringsliv og fremme regional utvikling som ledd i ei omstilling til høgare avgift."

Det har vore avholdt kontaktmøter med Statoil Mongstad den 23.2. og 3.11.99. Ein drøfta der rammevilkår som næringslivet får gjennom vedtak av stat og kommunar. Eksempel på dette er eigedomsskatt m.m. Vidare diskuterte ein vedlikehaldsstrategi hjå SM, lærlingeordningar og vidaregåande skuletilbod i regionen. Tilsvarande møte vart halde med Norsk Hydro på Sandsli den 7.9.99. Ein har også vore på befaring og hatt møte med NGIR der avfallshandtering og kostnader var tema.

Etablering av innkjøpsselskapet Loginor AS har tatt lengre tid enn ein i utgangspunktet tenkte. Interimsstyret for etablering av Loginor as vil i løpet av våren ta stilling til den vidare framdrift.

Oppsummering:
Stabile og forutsigbare rammevilkår er ein føresetnad for ei positiv næringsutvikling i regionen. Dersom Nordhordland Kraftlag vert seld er det eit håp at kommunane brukar salsummen til ulike tiltak som gjev arbeidsplassar og gagnar næringslivet i regionen.

Det er nødvendig at næringslivsfolk er engasjert og tar initiativ om regionen skal vera konkurransedyktig i eit marked som stadig vert meir komplisert og internasjonalt.

Kommunikasjonsutvalget
har i år vore Hans Wergeland, Magne Hope, Roald Olsvold og Arvid Sulen (formann), og har igjen gjennomført eit aktivt arbeidsår, der det har vore 4 saker som har stått i fokus.

Sak 1. Katalogen.
Oppgradering av katalogen har tatt lengre tid enn planlagt. Grunnane til dette er sein tilbakemelding frå bedriftene vedr. oppdatering av opplysningane i katalogen. Etter kvart som fakta-arka vert ferdige vert dei også lagt inn på Internettsidene under Regionrådet.

Sak 2. Lagstur.
Turen i år gjekk til Solstrand Fjordhotell med bedriftsbesøk til Frank Mohn Fusa på lørdag. Turen hadde ein sosial og faglig god profil. Omvisninga hjå Frank Mohn var imponerande, og vart avslutta med ein god lunsj. På heimvegen søndag besøkte me også Meland Golfbane, Fløksand.   Diverre var det dårleg oppslutning om lagsturen 1999, noko som laget må prøva å gjera noko med til neste gong.

Sak 3. Leiarnettverket "Tryggare styring".
På samlinga 15-16.september 1999 på Marsteinen Hotell evaluerte nettverket seg sjølv. Mindre justeringer på drift og finansiering av nettverket resulterer i vidareføring med nesten 100 % oppslutning. Dette er er svært bra og laget vil bidra positivt til framhald av nettverkssamlingane.

Sak 4. Strategisk plan for NHIL år 2000.
Kommunikasjonsutvalet har også leia arbeidet med strategisk plan for laget, som vil følgja det tradisjonelle opplegg:

Fase 1. Korleis er no-situasjonen?
Fase 2. Korleis ønskjer me å ha det?
Fase 3. Kva gjer me for å koma frå no-situasjonen til ønskje-situasjonen.

Ei prosessgruppe med i alt 18 personer, har i fire arbeidsmøter debattert visjonar, målsettingar, utfordringar, sterke og svake sider, m.m. ved laget. Ein kan gjerne kalle det revitalisering av laget, der poenget er å vera framtidsretta og oppdatert for å kunna oppfylla formålet med laget på ein effektiv måte. Resultatet av dette arbeidet vil danne grunnlag for forslag til strategiar og tiltak for laget i framtida.

Medlemmene i Kommunikasjonsutvalet takkar for all hjelp og støtte me har fått i året som har gått og ser fram til vidare arbeid med den største interesse.

Utdanningsutvalet
Utvalet har i år vore Svein Tangen, Jarleiv Haugland, Nils Landro og Rune Fanebust (form).

Me starta hausten 1999 med eit pilotprosjekt der ein skal prøva å hjelpa medlemsbedriftene å finna fram til kva kompetanse dei har, kva dei manglar og kvar dei vil. Utvalet har i planleggingsfasen hatt l medlemsmøte, samt fleire møter med Nell (Nettverk for Livslang Læring). Utvalet vil bruka mykje av si tid til gjennomføring av prosjektet, og reknar med å ha gjennomført det innan vår/sommar 2000.

Sluttord:
1999, som no ligg bak oss, har vore eit uroleg år for våre medlemsbedrifter. Nokre av bedriftene har hatt rikeleg med oppdrag og god inntening, medan andre har merka nedgang i aktiviteten knytta til oljeindustrien.

Nok eit storprosjekt i regionen er fullført og Nordhordlands bedriftene leverte sin del med oppdrag for ca. 200 mill. kroner. Eigarane av Vestprosess har uttrykt at dei var svært nøgd med det arbeidet våre medlemsbedrifter utførte i denne sammenheng. Dette er ei fjør i hatten til dei bedriftene det gjeld, og ei utfordring for dei bedrifter som ikkje fekk innpass denne gongen. Målet vårt må vera at ein større andel av slike oppdrag vert utført av lokale aktører.

Store deler av Nordhordland opplevde i sommar at regjeringa definerte oss som sentrale by-nære strøk, og påla bedriftene å betala høgaste sats for arbeidsgjevaravgift fra 01.01.00.   Styret i laget, og næringsutvalet spesielt, engasjerte seg sterkt i denne saka og det ser ut til at me vil få ein form for kompensasjon for denne auka belastninga. Dette vil visa seg ved revidert nasjonalbudsjett våren 2000.

Som om ikkje dette var nok, har enkelte kommunar skjerpa takstane for, eller innført for første gang, kommunal eigedomsskatt for "verk og bruk". Styret i laget er opptatt av stabile rammevilkår for våre medlemsbedrifter, men trass i fagre ord frå politikarane, både lokalt og sentralt, vert stadig fleire uforutsigbare bører lagt på næringslivet. Me veit at me må bidra til fellesskapet, men me etterlyser forutsigbarhet i politikarane sine handlingar.

Enkelte bransjer har hatt nedgang i aktiviteten, men trass i dette er det fortsatt mangel på kvalifisert arbeidskraft i vårt distrikt. Utdanning og videreutdanning er ei utfordring for laget og den enkelte bedrift. Dersom me skal kunna møta utfordringene når det gjeld omstilling og konkurranse må me ta utdanning på alvor.

Gjennom arbeidet med ny strategiplan er det formulert ein visjon for laget og fleire målsettingar. Likeins er det gjort framlegg om strategiar og tiltak for å nå måla. Det er lagt ned eit grundig arbeid i strategiplanen, som me vonar vil vera til stor nytte for laget i framtida.

Me må også samarbeida med regionen sine politikarar slik at folk med den nødvendige kompetanse finn det attraktivt å busetja seg i våre kommuner. Diverre har me sett at bedrifter med spesielle kompetansebehov har valgt å flytta sin aktivitet frå Nordhordland til Bergen. La oss saman prøva å gje plass og gode vekstforhold for framtidsretta industri, herunder Informasjons- og Kommunikasjons-Teknologi (IKT), også i vår region.

Laget har fått ein del nye medlemmer det siste året, men me har også mista nokre. Det er positivt at bedriftene søkjer til laget vårt og det er spesielt positivt at nye personar engasjerer seg i laget sitt arbeid. Dette lovar godt for framtida. Sjølv om ikkje alle signal er positive, vel me å ta dei framtidige utfordringar og sjå på kva som er mogeleg å få til. Medlemsbedriftene er vane med endringar og har evne til omstilling.

Me ønskjer våre medlemmer lukke til i eit nytt årtusen.

Knarvik, 03. mars 2000.

Tor Iversen (s)

Jostein Skråmestø (s)

Formann Sekretær