|
<< tilbake
Årsmøtet for 2000 vart halde på Alver Hotel den 13. mai. Det var 17
personar tilstades, og 13 medlemsbedrifter var representerte. Det
tillyste foredraget om Framtida i oppdrettsnæringa,
kystsoneplanlegging og øvrig tilrettelegging for utnytting av havets
ressurser i Distrikts-Norge, måtte utgå då foredragshaldar ikkje
møtte opp. Ein invitert oppdrettar, Øyvind Holsen fra Rylandsvåg
drift as, orienterte og svara på spørsmål om temaet. Årsmøtet fekk
verdfull informasjon om ei næring som også i framtida vil vera
viktig for regionen. Prisen til årets bedrift gjekk til Mongstad
Elektro as. Prisen vart utdelt på festen seinare på kvelden.
Medlemer:
Sidan sist årsmøte er 10 verksemder opptekne som nye medlemer,
og 3 verksemder har gått ut. Det har dessutan vore eit par
samanslåingar. Dei nye medlemene er Rylandsvåg Drift AS, Blick as
Marketing og Display, Nordhordland Reisebyrå, Walde Byggevare AS,
Seilmaker Service AS, Proxy Data AS, Ressurssenteret AS, Creanor AS,
Maritime Engineering AS og Nordbø Hyttetun.
Dei utgåtte verksemder er Erling Foss, Nils
Andr. Iversen Rekneskapskontor og Per Johan Litleskare. Medlemstalet
er no 119, inklusiv 5 æresmedler. Desse er Karstein Stene, Marvid
Dale, Ivar Fivesdal, Arnt Brandtun og Magne Hope. Sistnevnte vart
utnevnt på årsmøtet i fjor.
Styre:
Tor Iversen, formann
Rune Fanebust, nestformann
Ivar K. Johannessen
Arvid Sulen
Øystein Hope
Hans Wergeland
Arnt Brandtun
Trond Helland
Nils Landro
Valnemnd:
Roald Olsvold, formann, Svein Tangen og Magne Hope.
Arbeidsutval:
Tor Iversen, formann, Rune Fanebust
og Trond Helland.
Revisor:
Svein Hodneland, varamann: Oddvar Sundsbø.
Styret har sett ned desse utval:
Næringsutval:
Arnt Brandtun, formann, Ivar K.
Johannessen, Trond Helland og Øystein Hope.
Utdanningsutval:
Rune Fanebust, formann, Nils Landro, Jarleiv Haugland, Svein
Tangen og Magnus Kvingedal.
Kommunikasjonsutvalet:
Arvid Sulen, formann, Hans Wergeland, Magne Hope og Roald
Olsvold.
Regionrådet sitt kontor er sekretariat for
laget.
NHIL er elles representert slik:
Kompensasjonsfondet etter auken i
arbeidsgjevaravgifta:
Tor Iversen og Arnt Brandtun, med varafolk: 1. Trond Helland og 2.
Ivar K. Johannessen.
Medlemer i Regionrådet sitt næringsutval:
Tor Iversen og Arnt Brandtun, med varafolk: 1. Trond Helland og
2. Ivar K. Johannessen.
Styret for Opplæringskontoret for
Nordhordland:
Repr.: Rune Fanebust. Vararepr.: Nils Landro
Styret i Mongstad Utviklingsselskap AS:
Arnt Brandtun
Formannen representerer laget i andre
samskipnader.
NHIL har eigarinteresser i Mongstad
Utviklingsselskap AS og Nordhordland Industriservice AS.
Aktivitet:
I 2000 har det vore 9 styremøter og
det har vore 1 medlemsmøte. Styret har hatt 57 saker til handsaming,
og det meste av arbeidet med desse har vore gjort i utvala:
Næringsutvalet
Næringsutvalget har i år vore
samansett slik:
Trond Helland, Ivar Johannesen, Øystein Hope
og Arnt Brandtun (formann).
Aktiviteten i år 2000 har vore høg, med
mange møter der næringsutvalet har vore representert.
I to saker som næringsutvalet har engasjert
seg i, har dei no gjort vedtak, og der vann ikkje våre synspunkt
fram:
- Loginor A/S som innkjøpsselskap i
regionen vart ikkje etablert.
- Nordhordland Kraftlag vart solgt 100% til
BKK. Ein fylgjer no opp kjøpslovnaden frå BKK, om at nettleiga
skulle reduserast med ca. 10%.
Andre saker som har vore arbeida med er:
I Fondsstyret for kompensasjonsmidlane har det vore lagt ned mykje
tid og kreftar for at næringslivet skal få tilbakeført mest mogleg
til kompetansehevane tiltak. For år 2000 og 2001 disponerer
Fondsstyret ca. 65 mill. kr. Det er utsikter for at ordninga også
vil vara i år 2002, 2003 med ca. 50 mill. i løyvingar kvart år til
dei fire kommunane i vår region. Nhil har også to representantar i
fondsstyret; Tor Iversen og Arnt Brandtun, og tildelinga til
kompetanseheving er no kome godt i gang. Nhil er også representert i
Regionrådet sitt næringsutval.
Der har vore møte med Statoil Mongstad den
4.4. og 11.10.2000. Møta har fylgt det tradisjonelle opplegget med
gjensidig informasjon og fokus på saker som har betydning for ei
positiv næringsutvikling i regionen.
Etter strategiplanen for Nhil skal det
haldast møte med kommunene ved ordførarane, rådmenn, teknisk sjef
m.m. om å få med dei beste rammevilkår i landet. Det første møte
vart halde 19.10.2000 og oppfølging vert våren 2001. I åra framover
vil rammevilkåra vera dei viktigaste sakene for næringslivet.
Politiske vedtak om eigedomsskatt, avskrivingsreglar, kystsoneplan,
oppdrettskonsesjonar, utbygging av industri i tilknyting til
resursar som olje og gass, kyststamvegen, vilkåra for sjøtransport
m.m. Skal regionen behalde ungdommen og ha tilbod om attraktive
arbeidsplassar, er det nødvendig med eit nært næringsliv som skapar
verdier og driv lønnsomt.
Utdanningsutvalet
Har i år fått inn Magnus Kvingedal
(rektor på Austreim V.G) som ny medlem i utdanningsutvalet. I
tillegg har Kjersti Haugland frå Nell vore med på møtene. Elles har
i år som i fjor Svein Tangen, Jarleiv Haugland, Nils Landro og Rune
Fanebust (formann) vore med.
Utdanningsutvalet har gjennomført eit
pilotprosjektet - kompetansekartlegging i nokre utvalde bedrifter.
Mål for prosjektet, organisering av arbeidet:
- Bedriftene skulle ved felles samlingar få
best mogleg grunnlag for val og prioriteringar i vidare arbeid med
kompetanseheving.
- NHIL skulle skaffe laget sine eigne
erfaringar om korleis arbeid med kompetanseheving kan leggjast opp
i bedrifter med ulik storleik.
Etter 3 felles samlingar på Mongstad Test og
Inspeksjon hadde gruppene/bedriftene arbeid fram følgjande felles
tiltak på kryss av bransjar.
- Opplæring i sentralbordfunksjon-
marknadsføring av bedriftene. (Gjennomført)
- Arbeidsleiing og prosjektstyring. (Er i
gang)
- Utdanning av fagarbeidar – industri
mekanikere
På siste samling vart ein einige om å
arrangere ei "messe" der ulike kurstilbydere i fellesskap med
bedriftene kunne sy saman eit tilbod som stod i forhold til faktisk
avdekte behov. Utdanningsutvalet har hatt god hjelp frå Kjersti
Haugland frå Nell i vidare arbeid med koordinering og planlegging
fram mot faktiske kurs.
Kostnader
Prosjektet hadde budsjettert med 10.000,-. Kvar bedrift betalte
1500,-, og NHIL 2500,-. Dette gikk til forelesar og enkel servering
på samlingane. Utdanningsutvalet har søkt om midlar gjennom
kompensasjonsmidlane, og fått støtte på kr 77600,- for kurs 1 og 2.
Utdanningsutvalget vil med dette takke alle
som har vært med på prosjektet, og spesielt til Mongstad Test og
Inspeksjon som stilte lokaler til disposisjon og Kjersti Haugland
frå Nell.
Deltakarar/bedrifter:
Mundal Båtbyggeri AS, Frekhaug Stål AS, Helland Elektro AS, Mongstad
Test og Inspeksjon og Sløvåg Industriservice AS.
Kommunikasjonsutvalget
har i år vore Hans Wergeland, Magne Hope, Roald Olsvold og Arvid
Sulen (formann), og har igjen gjennomført eit aktivt arbeidsår, der
det har vore 4 saker som har stått i fokus.
Sak 1. Katalogen.
Oppgradering av katalogen har tatt lengre tid enn planlagt.
Grunnane til dette er sein tilbakemelding frå bedriftene vedr.
oppdatering av opplysningane i katalogen. Arbeidet er no ferdig og
supplerande fakta-blad er utsendt. Framtidig oppdatering vil bli
utført via web-sidene på Internett.
Sak 2. Lagstur.
Turen i år gjekk med båt til Danmark (Hanstholm og Ålborg)
20.-23.oktober. I alt 51 deltakarar var med. I Hanstholm gav
borgmester Aase Jensen (ordføraren) ei god orientering om
tilrettelegging for næringslivet, deriblandt havneutbygging og
kommunikasjonsliner land/sjø, noko som var svært interessant .
Deretter fortsatte turen med buss til Ålborg. Turen var vellukka.
Sak 3. Leiarnettverket "Tryggare
styring".
På samlinga 24. nov. 2000 på Admiral hotell evaluerte nettverket
seg sjølv. Deltakarane ønskjer å halda fram i år 2001 omlag etter
same opplegg som før. Det vert opna for nye deltakarar i nettverket
for å halda nivået oppe og bidra til fornying. Dette er er bra og
laget vil bidra positivt til framhald av nettverkssamlingane. Det
vert også vurdert å oppretta eit nytt nettverk med delfinansiering
av kompensasjonsmidlane.
Sak 4. Strategisk plan for NHIL år 2000.
Kommunikasjonsutvalget leia arbeidet med å få utarbeida ein
strategisk plan
for laget. Planen vart godkjent på årsmøtet i fjor.
Planen har Visjon og Målsettinger samt
Strategier som følger:
Strategi 1 Rammevilkår
Strategi 2 Kompetanse heving
Strategi 3 Informasjon og markedsføring
Strategi 4 Miljøtiltak
Arbeidsoppgavene i Strategiane er fordelt på
utvalgene i laget. Kommunikasjonsutvalget har ansvar for Strategi 4,
Miljøtiltak og det vert arbeidd for oppretting av eit nettverk med
ein arbeidsform som i prosjekt Tryggare Styring. Dette tiltaket er
delfinansiert av kompensasjonsfondet.
Medlemmene i Kommunikasjonsutvalet takkar
for all hjelp og støtte me har fått i året som har gått og ser fram
til vidare arbeid med den største interesse.
Sluttord:
Enda eit år ligg bak oss, og det er tid for refleksjonar. Det har
vore eit år med strammare rammevilkår frå styresmaktene si side,
både lokalt og sentralt. Dette er noko som bedriftene må handtera i
tillegg til den harde konkurransen som me alle er utsett for.
Me veit at marginane i dei fleste bedrifter
er små, og ein del bedrifter har ikkje oppnådd forventa resultat.
Dette skuldast ikkje berre forverra rammevilkår, som t.d. auken i
arbeidsgjevaravgifta, men for dei fleste er det opplagt at denne har
hatt stor betydning. Men, det er noko spesielt med strilane. På
tross av tøffe rammevilkår gjev me ikkje opp, men krummar ryggen og
tar dei utfordringar som kjem.
Laget har i år 2000 brukt mykje energi på å
få til ei fornuftig forvaltning av kompensasjonsmidlane for auken i
arbeidsgjevaravgifta. Laget samarbeider her med lokale politikarar
samt representanter for andre næringar og organisasjonar. Det har
vore mange heftige meiningsutvekslingar om bruken av midlane, men me
ser på det som ei styrking av samarbeidet i regionen. Skulle det
koma ein storkommune i vår region har me i alle fall erfaring med
samarbeid og dialog med lokale styresmakter. Når det gjeld bruken av
midlane har målsettinga vore å få kompensasjonen så nært tilbake til
bedriftene som mogeleg, innanfor gjeldande nasjonalt og
internasjonalt regelverk. Me trur at løyvingar til fellestiltak også
vil koma dei bedriftene til gode som ligg i nordre del av regionen.
Styret i laget og enkeltmedlemer har arbeidd
godt saman i året som ligg bak oss. Mange spanande tiltak er sett i
gang gjennom vår strategiplan. Det er ein styrke for laget at mange,
både unge og eldre bedriftsleiarar, engasjerer seg i laget sitt
arbeid og tek del i faglege og sosiale samkomer. Det kan tyda på at
laget arbeider med dei rette sakene og engasjerer seg der medlemene
meiner det er viktig. Men, me vil gjerne ha endå fleire
tilbakemeldingar og synspunkt på kva laget skal arbeida med - meld
gjerne inn via våre internettsider
www.industrilaget.com.
Gjennom NHIL kan me hjelpa kvarandre vidare
i dei utfordringar som ligg framfor oss. Me treng eit mangfoldig og
levedyktig næringsliv i regionen. Styret vil takka medlemmene for
året som ligg bak oss og ønskja lukke til med arbeidet vidare i den
enkelte bedrift.
Knarvik, 13. mars 2001.
|
Tor Iversen (s) |
Jostein Skråmestø (s) |
|
Formann |
Sekretær |
|