<< tilbake
Årsmøtet for 2001 vart halde på Alver Hotel den
21. april 2001. Det var 20 personar tilstades, og 14
medlemsbedrifter var representerte. Etter årsmøtesakene vart det
orientert nærare om kompensasjonsfondet etter auken i
arbeidsgjevaravgifta og ordførar Rolf Sandstad informerte om
planar for breibandsutbygging i regionen.Prisen til årets bedrift gjekk til P/R
Landkjenning fra Fedje. Prisen vart utdelt på festen seinare på
kvelden.
Medlemer:
Sidan sist årsmøte er 2 verksemder opptekne som nye medlemer. Dei
nye medlemene er Fargehuset Villanger AS og Drillcon AS.
Medlemstalet er no 122, inklusiv 6 æresmedlemer, som er Karstein
Stene, Marvid Dale, Ivar Fivesdal, Arnt Brandtun , Magne Hope og
Hans Wergeland.
Styre:
Rune Fanebust, formann
Øystein Hope, nestformann
Tor Iversen
Ivar K. Johannessen
Arvid Sulen
Lars Hellandsjø
Arnt Brandtun
Trond Helland
Nils Landro
Valnemnd:
Magne Hope, formann, Svein Tangen og Hans Wergeland.
Arbeidsutval:
Rune Fanebust, formann, Øystein Hope og Trond Helland.
Revisor:
Svein Hodneland varamann: Oddvar Sundsbø.
Styret har sett ned desse utval:
Næringsutval:
Arnt Brandtun, formann, Ivar K. Johannessen, Trond Helland og
Øystein Hope.
Utdanningsutval:
Nils Landro, formann, Lars Hellandsjø, Jarleiv Haugland, Svein
Tangen og Magnus Kvingedal.
Kommunikasjonsutvalet:
Arvid Sulen, formann, Tor Iversen, Hans Wergeland, Magne Hope og
Roald Olsvold.
Regionrådet sitt kontor er sekretariat for
laget.
NHIL er elles representert slik:
Kompensasjonsfondet etter auken i
arbeidsgjevaravgifta:
Rune Fanebust og Arnt Brandtun, med
varafolk: 1. Tor Iversen, 2. Øystein Hope, 3.Trond Helland.
Medlemer i Regionrådet sitt næringsutval:
Rune Fanebust og Arnt Brandtun, med varafolk: 1. Tor Iversen, 2.
Øystein Hope, 3.Trond Helland.
Styret for Opplæringskontoret for
Nordhordland:
Repr.: Nils Landro
Styret i Mongstad Utviklingsselskap AS:
Arnt Brandtun
Formannen representerer laget i andre
samskipnader.
NHIL har eigarinteresser i Mongstad
Utviklingsselskap AS og Nordhordland Industriservice AS.
Aktivitet:
I 2001 har det vore 9 styremøter og
det har vore 1 medlemsmøte. Styret har hatt 65 saker til handsaming,
og det meste av arbeidet med desse har vore gjort i utvala:
Næringsutvalet
Næringsutvalget har vore samansett
slik:
Trond Helland, Ivar Johannesen, Øystein Hope
og Arnt Brandtun (formann).
Saker som ein har arbeida med i år 2001:
1. Kraftlaget
Næringsutvalet fylgde opp lovnadene til BKK då dei kjøpte Nh.
Kraftlag; at nettleiga i Nordhordland skulle senkast ca. 10% når BKK
overtok. I mars 01 hadde ein møte med leiinga for Nett og
Distribusjon. Møtet var ein fiasko. Dette var offentleg monopoldrift
på sitt verste. Ein kom ikkje fram til noko resultat, og saka må
følgjast opp når tidspunktet er optimalt.
2. Kompensasjonsfondet for auka
arbeidsgjevaravgift.
Rune Fanebust og Arnt Brandtun har vore faste medlemer i fondstyret,
med Tor Iversen, Øystein Hope og Trond Helland som
vararepresentanter i rekkefølge. Arbeidet i fondet er tid- og
arbeidskrevande. Laget tok opp saka om å auka tilskotet til
kompetanseheving i bedriftene fra max. kr. 7.000 pr. arbeidstakar
til max. kr. 20.000, og fekk tilslutning for forslaget.
Me vil gje ei oppfordring til alle
næringsdrivande i regionen, som kjem inn under ordninga, å søkja om
midlar etter dei retningsliner som gjeld.
3. Møte med Statoil Mongstad, 5. okt. 01.
- Statoil redegjorde for dei
utbyggingsplanar som føreligg for dei næraste åra. Det skal
investerast betydelege beløp i oppgradering og nyanlegg. Ein
fekk også ei orientering om arbeidet med å etablera eit
infrastrukturselskap på Mongstad, bl.a. med tanke på oppdrett av
marine arter der energi fra raffineriet er sentralt.
- NHIL tok opp spørsmålet om å sikra
rekruttering av kvalifisert arbeidskraft i eit livskraftig
lokalsamfunn. Lokalt næringsliv opplever at oljeindustrien ( on-
og offshore) "tar" kvalifiserte arbeidsfolk frå lokale bedrifter
og dette vart følt som eit problem.
Korleis kan
næringsliv-skule-kommune samarbeida om å sikra god
næringsutvikling.
Konklusjon på møtet:
Strategiplan m/handlingsplan
Næringsutvalet har fått ansvar for :
Tiltak 1.1. Samarbeid
næringsliv-kommune
Næringsutvalet er med i eit utval der alle kommunane er
representerte, vår mann er Øystein Hope. Dette går vesentlig på
utvikling av ein næringsvenleg og effektiv offentlig sektor i
tilknytning til plan- og bygningslova. Dette arbeidet vert viktig
framover, kfr. samtalane som er i gang om ein storkommune i
Nordhordland.
Tiltak 1.2. Best mogelege
rammevilkår i regionen
Prosjektansvarleg:
Styret i NHIL
Prosjektleiar: Formannen i næringsutvalet
1. Bakgrunn
Det er viktig at næringslivet kontinuerlig utviklar og fornyar
seg. Dersom regionen skal ha eit mangfaldig og lønsamt næringsliv
som sikrar arbeidsplassane må rammevilkåra i regionen vera mellom
dei beste i landet. Med regionale rammevilkår er meint det som
kommunale styresmakter gjer for å leggja til rettes for etablering
og vidare utvikling av bedrifter. Det gjeld også økonomiske vilkår
som næringsfond og eigedomsskatt.
2. Målsettingar
- Rask tilrettelegging for utbygging av
næringslivsareal når behov melder seg
- Kontinuerlig utbygging av nødvendig
infrastruktur
- Tiltrekking av ny aktivitet til regionen,
t.d. gassrelaterte etableringar
- Tilrettelegging for utvikling av
havbruk/akvakultur i regionen
- Stimulera til arbeidsplassar spesielt
tilpassa kvinneleg arbeidskraft
- Stimulera til nyskaping og omstilling
gjennom ein kontinuerlig prosess
3. Innhald
- NHIL skal vera pådrivar for utarbeiding
og oppfylgjing av kommunale næringsplanar, havbruks- og andre
planar som inneheld forpliktande rammevilkår for næringslivet
- Tilrettelagte areal, infrastruktur og
råstofftilgang må kartleggjast og markedsførast.
- NHIL vil evaluera tiltaket ved utgangen
av år 2001
4 Organisering
Prosjektansvarleg er styret i NHIL.
Prosjektleiar er leiar i næringsutvalet.
*************
Oppsummering for næringsutvalet:
På mange måtar har år 2001 vore eit
vanskeleg år for små- og mellomstore bedrifter i vårt distrikt. Det
ser ut som lønnsom drift er blitt tyngre å få til. Konkurransen er
stor og offentlege pålegg og kontroll er aukande. Det krev stadig
meir investeringar og administrasjon i bedriftene. Trass i alt dette
må me ha ein sterk vilje til å stå på for å gjennomføra dei oppgaver
og mål me set oss som bedrift eller som næringsorganisasjon.
Utdanningsutvalet
Utvalget har i år hatt
desse medlemmene:
Lars Hellandsjø
Jarleiv Haugland
Magnus Kvingedal
Svein Tangen
Nils Landro (form)
Utdanningsutvalget har vore opptatt
av desse saker:
- Rekruttering av fagarbeidarar.
Det er vanskelig for ein del bedrifter å rekruttera fagarbeidarar
lokalt bl.a. fordi ungdommen søkjer andre typer utdanning. Det er
her viktig å få fram informasjon på riktig måte og tidlig nok,
slik at det blir interesse for yrkesvalg som det er mangel på i
distriktet. Vi har hatt Nordhordland v.g. skole ,med på møte i
utvalget vedr. dette. Dei har no i samarbeid med Frank Mohn Flatøy
AS arrangert eit opplegg for informasjon som det blir interessant
å sjå effekten av.
- Pilotprosjektet med kartlegging
og gjennomføring av kurs for bedrifter er nett avslutta. Dette
prosjektet er gjennomført i samarbeid med NELL, som har stått for
organisering og gjennomføring. Oppsummering fra dette prosjektet
vil bli foretatt i næraste framtid, og vi vonar erfaringar fra
dette prosjektet vil koma til nytte i tida framover.
- Har også deltatt på styremøter i
Opplæringskontoret for Nordhordland.
- Er med i styringsgruppa for
NELL-prosjektet. Det har her vore omorganisering av
prosjektleiinga. Det blir forsøkt å leggja til rette for å sikra
kontinuitet i arbeid med kompetanseheving i regionen. Det er mange
gode ting på gang i Nordhordland med tilgang på midler til
kompetanseheving, kartlegging av realkompetanse, aktive
videregående skoler etc. Det er her viktig å få alle aktørar til å
dra i samme lei for at arbeidet skal bidra til vidare heving av
kompetansen i bedriftene.
Kommunikasjonsutvalget
har i år vore Hans Wergeland, Magne Hope, Roald
Olsvold, Tor Iversen og Arvid Sulen (formann), og har igjen
gjennomført eit
aktivt arbeidsår, der det har vore 3 saker som har hatt fokus.
Sak 1. Leiarnettverket "Tryggare styring".
Nettverket har hatt fire samlinger i 2001 og tema for disse
samlingene har vore:
- breiband datanettverk i regionen, e-handel, produktutvikling, m.m.
- merverdiavgiftsreformen, risiko- og sårbarhetsanalyse
- personalleiing og personalpolitikk
Fjerde samling 21. og 22. november 01 var tema Konfliktløsning og
evaluering av nettverket.
Mindre justeringer på drift og
finansiering av nettverket resulterer i vidareføring med 100 %
oppslutning. Dette er er svært bra og laget vil bidra positivt til
framhald av nettverkssamlingane. Nettverket ser utfordring i korleis
en kan laga interessante samlingar utan at årleg kostnad stig
uforholdsmessig. Utvalget vil søke kompensasjonsfondet om midler for
videre drift.
Sak 2. HMS - prosjekt i bedriftene ( tiltak 4.1 i strategiplan
2000-2003)
Første samling etter oppstartmøte 13.juni fant sted på Alver Hotell
16 og 17.oktober.
22 påmeldte fra like mange bedrifter var tilstede. Prosjektet
planlegger å ha 3 til 4 samlinger i året med varierende temaer
innenfor Helse, Miljø og Sikkerhet.
Sak 3. Lagstur.
Turen hadde også i år ein sosial og faglig god profil. Florø var
målet for turen og på lørdag reiste vi til Svanøy for å få omvisning
på Svanøy Hovedgård og Norsk Hjortesenter noe som innfridde til
forventningene. På søndag før hjemreise besøkte me Kystmuseet i
Florø. Utvalget vil oppfordre medlemsbedriftene å melde seg på med
flere deltakere til lagsturen på høsten.
Kommunikasjonsutvalet takkar for all hjelp og støtte me har fått i
året som har gått og ser fram til vidare arbeid med den største
interesse.
************
Mogeleg deltaking i Mongstad
Vekst AS (selskap under stifting), særutskrift av styrevedtak:
56/01 Invitasjon til deltaking i
Mongstad Vekst AS
Det var på førehand sendt ut til
styremedlemene brev av 10. okt. d.å. fra Opus AS til NHIL. I
brevet vert NHIL invitert til å vera med som aksjonær i Mongstad
Vekst AS (under stiftelse), eit infrastrukturselskap som skal
stå i spissen for vidare næringsutvikling på Mongstad. Selskapet
planlegg ein aksjekapital på kr. 2. mill. og det er ynskjeleg at
NHIL går inn med kr. 190.000,-, tilsvarande 9,5 %.
Styret drøfta saka og var positiv til
tilbudet om å vera med på oppstart av det nye selskapet. På
anmodning refererte sekretæren vedtektene for NHIL og styret
forutset at dei kan disponera eit såvidt stort beløp til dette
formål utan at det kjem i strid med vedtektene eller må leggjast
fram for ekstraordinært årsmøte. Saka vert meddelt medlemene
gjennom årsmelding framlagt på neste ordinære årsmøte.
Vedtak:
NHIL går inn med aksjekapital kr.
190.000,- i Mongstad Vekst AS (selskap under stiftelse), og
finansiering skjer ved belastning av laget sine fondsmidlar i
bank. Ein føresetnad for aksjekjøpet er at aksjeposten vert
kjøpt tilbake innan 2-3 år til opprinneleg pris.
Rune Fanebust og Arnt Brandtun får
fullmakt til å møta for NHIL på stiftelsesmøte. Det er styret si
meining at NHIL bør vera representert i styret for Mongstad
Vekst AS.
Sluttord:
Nok eit år har gått, og strikken for næringslivet er blitt stramare
for dei fleste . Ein har på godt og vondt etter kvart vorte vande
med dei nye rammevilkåra. Ei stor medlemsbedrift har varsla om
nedlegging, og mangelen på fagutdanna arbeidskraft har økt.
Politisk uro sentralt og manglande
evne til å samarbeida politisk ser ut til å verta viktig å fokusera
på i tida som kjem. Nordhordland som ein storkommune er også i ferd
med å bli eit vanleg tema i blant anna media. Dette er noko som
næringslivet må ta tak i, og påvirka i meir næringsvennlig retning
og oppbygging. Samarbeid mellom politikarar og næringsliv, slik at
rammevilkåra blir meir forutsigbare, kan vera stikkord å byggja
vidare på.
Kompensasjonsmidlane fekk ikkje den
størrelse som først antatt, noko som ein fortsatt arbeider med.
Etterkvart har mange bedrifter vorte flinke til å søkja om midlar
til blant anna kompetanseheving. Fondet har enda mange millionar på
"bok" slik at her må ein kjenna si besøkelsestid. NHIL har ved hjelp
av fondsmidlane dradd i gang fleire prosjekt der også bedrifter
utanom dei råka kommunane for økt arbeidsgjevaravgift kan ta del i.
Blant 65 styresaker i år kan ein
trekkja frem bompengeordninga som eit eksempel. Styret vedtok å gå
inn for forlenga bompengeperiode for å få fortgang i styresmaktene
sine løyvingar i regional infrastruktur på blant anna veisektoren,
uten at ein kom fram til ei løysing.
11 september er ein dato som mange
vil hugse, den påvirka heile verdsøkonomien og Nordhordland vart
ikkje noko unntak. Ein har vel endå ikkje nådd att det "tapte".
Euroen er også noko som ein i Nordhordland har måtta tilpassa seg.
Samhaldet i laget har vore godt.
Gjennomsnittsalder i styret har gått ned. Ein har lukkast i å
rekruttera yngre representantar til styret. Laget har også
etterkvart mange aktive og erfarne "ikke-styremedlemer" som bidrar i
lagets arbeid. Ein spesiell takk til dei. Gjennom NHIL kan me saman
arbeida for at framtidas utfordringar kan verta lettare å møta, og
stå fram som ein region med sterke og konkurransedyktige verksemder
med eit høgt faglig nivå. Innspel frå medlemmane på saker ein
ønskjer laget skal ta tak i, kan godt bli fleire.
Styret vil takka alle som har
bidratt i året som har gått, og ynskja lukke til med arbeidet i den
enkelte bedrift.
Knarvik, 05. mars 2002.
|
Rune Fanebust (s) |
Jostein Skråmestø (s)
|
|
Formann |
Sekretær |
|