Årsmelding 2002

<< tilbake

Årsmøtet for 2002 vart halde på Alver Hotel den 13. april 2002. Det var 19 personar tilstades, og 15 medlemsbedrifter var representerte. Etter årsmøtesakene vart det orientert nærare om kompensasjonsfondet etter auken i arbeidsgjevaravgifta. Deretter held journalist Trine Eilertsen, Bergens Tidende, eit innlegg om mangfald i styrande organ og posisjonar i næringslivet, herunder kvinners rolle i bedriftene. Innlegget engasjerte årsmøtet til ein positiv og god debatt etterpå. Prisen til årets bedrift gjekk til Frekhaug Vinduet AS. Prisen vart utdelt på festen seinare på kvelden.

Medlemer:
Sidan sist årsmøte har 3 verksemder meldt seg ut, og 3 verksemder er opptekne som nye medlemer. Dei nye medlemene er Frydenlund Kontormaskinservice, HSD Buss AS Nordhordland og Nordhordland Vaktmesterservice DA. Medlemstalet er no 122, inklusiv 6 æresmedlemer, som er Karstein Stene, Marvid Dale, Ivar Fivesdal, Arnt Brandtun , Magne Hope og Hans Wergeland.

Styre:
Rune Fanebust, formann
Øystein Hope, nestformann
Tor Iversen
Ivar K. Johannessen
Arvid Sulen
Lars Hellandsjø
Frode Skaar
Trond Helland
Nils Landro

Valnemnd:
Hans Wergeland (formann), Cathrine Dreyer Hermansen og Helge Langenes.

Arbeidsutval:
Rune Fanebust, formann, Øystein Hope og Trond Helland.

Revisor:
Svein Hodneland varamann: Oddvar Sundsbø.

Styret har sett ned desse utval:

Næringsutval:
Øystein Hope, formann, Ivar K. Johannessen, Trond Helland, Tor Iversen og Arnt Brandtun.

Utdanningsutval:
Nils Landro, formann, Lars Hellandsjø, Jarleiv Haugland og Magnus Kvingedal.

Kommunikasjonsutvalet:
Arvid Sulen, formann, Frode Skaar, Hans Wergeland, Magne Hope og Roald Olsvold.

Regionrådet sitt kontor er sekretariat for laget.

NHIL er elles representert slik:

Det regionale næringsutval, samt Styret for Kompensasjonsfondet
Rune Fanebust og Arnt Brandtun

Varamenn: 1. Tor Iversen 2. Øystein Hope 3. Ivar K. Johannessen

Stiftelsen Lyngheisenteret
Styremedlem Anne Sofie Hillestad med Atle Kvamme som varamedlem.

Styret for Opplæringskontoret for Nordhordland
Nils Landro styremedlem.

Styret i Mongstad Vekst AS
Styremedlem Arnt Brandtun Varerepr.: Øystein Hope

Formannen representerer laget i andre samskipnader.

NHIL har aksjer i Mongstad Vekst AS og Nordhordland Industriservice AS.

Aktivitet:
I 2002 har det vore 9 styremøter og det har vore 2 medlemsmøter. Styret har hatt 63 saker til handsaming, og det meste av arbeidet med desse har føregått i utvala:

Næringsutvalet
næringsutvalet har vore Arnt Brandtun, Trond Helland, Tor Iversen, Ivar K. Johannesen og Øystein Hope (formann).

Utvalet har hatt ei hektisk periode, med mykje aktivitet mot slutten.

Av saker som er arbeidd med er:

  • Revisjon av utvalets tiltak i strategiplanen
  • Mongstad Vekst AS.
  • Kompensasjonsfondet etter auken i arbeidsgjevaravgifta.
  • Petroleumsprosjektet, som skal markedsføra Nordhordland som senter for norsk petroleumsindustri. Ein konferanse er planlagt på Mongstad 15. mai 03.

Utdanningsutvalet
Utvalget har i år hatt desse medlemer:
Lars Hellandsjø, Jarleiv Haugland, Magnus Kvingedal og Nils Landro (form)

Utdanningsutvalget har arbeidd med desse sakene:

  • Etablering av nettverk for kompetanseheving for næringslivet i Nordhordland, i samarbeid med Lillian Vabø Mongstad ved Opplæringskontoret for Nordhordland og Eilif Berntsen, Regionrådet. Lillian Vabø Mongstad har utarbeid ei prosjektskisse for kompetanseheving for næringslivet i Nordhordlansregionen. Representanter fra utdanningsutvalget har også besøkt Industrinettverket AS i Sunnhordland for å få erfaringer fra etableringen av nettverk der. Vi tar sikte på å få på plass ein modell i løpet av våren.
  • Rullering av tiltak 2.1 i strategiplanen for NHIL. Tiltaket er i hovedsak gjennomført etter planen. Det som kan vera mangelfullt er å finna ein god metode for å overføra erfaringane med dette prosjektet til andre bedrifter i laget.
  • Deltatt på styremøter i Opplæringskontoret for Nordhordland.
  • Deltatt på møte med fylket vedr. allmenfag Austrheim Videregående skole.
  • Deltatt på møter i styringsgruppa for NELL. Dette NELL-prosjektet har gått fra 01.03.01 til 30.09.02.
  • Deltatt i nettgruppa for SING – Breibandsprosjektet.
  • Har stått som arrangør for eit medlemsmøte vedr. Skattefunn og vedr. Generasjonskifte i bedrifter.
  • Deltatt i arbeidsgruppa for samarbeid skule/næringsliv.

 

Kommunikasjonsutvalget
Kommunikasjonsutvalget har i år vore Hans Wergeland, Magne Hope, Roald Olsvold, Frode Skaar og Arvid Sulen (formann), og har igjen gjennomført eit aktivt arbeidsår, der det har vore 3 saker som har hatt fokus.  

Sak 1. Leiarnettverket "Tryggare styring".  

Målsetting for nettverket: Gjennom aktivt arbeid i nettverket, ved sosialt samvær, læring, trening og yting, skal deltakarane bli betre leiarar, samt kunna overføra kunnskapen til regionalt samarbeid, og til eigne bedrifter for å oppnå betre forretningsresultat.  

Nettverket har hatt fire samlingar i 2002 og tema for disse samlingane har vore:  

1. samling: NHIL – fellesmøte med styret. / Haldningsskapande arbeid i bedrifter.
2. samling: Generasjonsskifte i bedrifter. / Presentasjonsteknikk og formidling.
3. samling: Personlighetstyper./ Personlig prestasjonsstandard. / Motivasjon.
4. samling:   HMS-prosjektet. / Evaluering av leiarnettverket.

Nettverket sitt opplegg for år 2003: 

  • Nettverket ynskjer å halda fram omlag etter same modell som i år. Fagleg nivå må holdes. 
  • "Lunch til lunch-samlingar" med overnatting. 4 gonger i året. Faste "påregnelige" datoar. 
  • Ta opp aktuelle tema gjennom foredrag og gruppearbeid.
  • Cathrine Dreyer Hermansen og Lasse Ståløy vald til arbeidsgruppe saman med sekretæren for å planleggja gjennomføring av neste års nettverkssamlingar (tidspunkt og innhald).
  • Fokusere meir på framtidig regional næringsutvikling. Få opp optimismen! 
  • Vurdere om andre i bedriften kan vera med enkelte samlingar når tema passar.
  • Årleg økonomisk tak bør vera max kr. 6-7.000,- pr. deltakar.  

Sak 2. HMS - prosjekt i bedriftene ( tiltak 4.1 i strategiplan 2000-2003) 
Det har vore vanskelig å få dette prosjektet igang etter modell "Tryggare Styring". Det ser no ut til at det er mogeleg å koma igang med den same deltaking som opprinneleg påmeldt, ved at det vert gjort nokre endringar på organisering og gjennomføring av prosjektet.  

Sak 3. Lagstur. 
Turen hadde også i år ein sosial og faglig god profil. Etter ein "Mini-gallup" hjå våre medlemer reiste vi til Aberdeen tidlig i oktober.  Det viste seg å vera stor interesse for turen, ca 60 påmeldte og positive tilbakemeldingar tilseier at forventningane vart innfridd.

Første dag på turen besøkte vi Dril-Quip, ein leverandør til oljeindustrien i Nordsjøen, og på andre dag fekk vi sjå produksjonen ved eit whisky distillery. Før avreise tredje dag, besøkte vi eit slott i nærlæiken av Aberdeen.  

Kommunikasjonsutvalet takkar for all hjelp og støtte me har fått i året som har gått og ser fram til vidare arbeid med den største interesse.  

Sluttord:
År 2002 har vore eit år med store utfordringer. Næringslivet har fått auka kostnader som må bakast inn i kalkylane. Eit tøft lønnsoppgjer, lengre ferie og sterkare kronekurs kan være stikkord her. Dette bidrar til at dei "svake" fell i frå og dei "sterke" overlever.

Næringslivet registrerer også at SND/SIVA stimulerer økonomisk til etablering i utlandet, sjølv om dette medfører nedlegging av verksemder i Norge. Var det dette som var utgangspunktet då SND vart starta? Som formann kan ein verta freista til å stilla spørsmål om vi som lag no må auka innsatsen for å få fram våre synspunkt betre? Kan det være tid for å oppretta ein full stilling i NHIL slik at det blir stilt meir ressursar tilgjengeleg i dette arbeidet? Har vi råd til ikkje å prøva?

Budskapet vårt har ikkje forandra seg sidan sist. Sterk kronekurs, høgt kostnadsnivå og høg rente har forverra dei rammevilkår norsk industri produserer under. Vår geografi og infrastruktur bidrar heller ikkje til fordelar. Dermed blir det å jobba for best mogelege rammevilkår. NHIL ser det som viktig å synleggjera overfor styresmaktene kor viktig eksisterende næringsliv er, og stimulera til vidare vekst i regionen.

Det er ei gleda å sjå at kompensasjonsmidlene no får bein å gå på. Bedriftene er flinke til å søkja, og nytenkning og visjoner om nye prosjekt viser at vi også i framtida vil ha eit aktivt og variert næringsliv i regionen.

Straumprisane er eit kapittel for seg. At kraftforbrukarar i Hordaland og Sogn og Fjordane skal risikera å måtta betala ekstra for straumen i forhold til resten av landet i perioder med avgrensa tilgang, er på ingen måte akseptabelt. Hordaland og Sogn er jo netto eksportør av kraft, og dermed skulle ikke dette vore tema. Dette vitnar om bevisst handling fra politisk hald, noko som gjer at distriktet vert taparen.

Styret vil takka alle som har vore med og arbeidd for laget og medlemsbedriftene. Spesielt vil vi takka tidlegare styremedlemer og æresmedlemer for innsatsen i laget. Sist og ikkje minst ser ein kor viktig sekretærtenesta er for sjølve drifta av laget, takk til Jostein Skråmestø for godt utført arbeid.

Til slutt ønskjer styret i NHIL medlemsbedriftene lukke til med arbeidet videre, og ta gjerne kontakt dersom det er noe ein meiner laget kan ta fatt i.

Knarvik, 24. mars 03.

Rune Fanebust (s)

Jostein Skråmestø (s)

Formann

Sekretær