Årsmøtet for 2003 vart halde på Alver Hotel den 10. mai 2003. Det
var 24 personar tilstades, og 19 medlemsbedrifter var representerte.
Etter årsmøtesakene vart det orientert nærare om
kompensasjonsfondet etter auken i arbeidsgjevaravgifta. Deretter
held konsulent Svein Egenberg, eit innlegg om "Utvikling som ein
vedvarande prosess". Innlegget engasjerte årsmøtet til ein positiv
og god debatt etterpå. Prisen til årets bedrift gjekk til
Møbelringen Bjarne Foss AS. Prisen vart utdelt på festen seinare på
kvelden.Medlemer:
Sidan sist årsmøte er 10 verksemder
opptekne som nye medlemer. Dei nye medlemene er Baker Oil Tools AS,
Fløholmen AS, Euro Offshore AS, Meland Eiendomsutvikling AS, Mundal
Båt AS, BR Vask og Rens AS, Byggrengjøring AS, TIR Montasje, BIT
IT-tjenester og Bøe´s Plast AS. Medlemstalet er no 129, inklusiv 6
æresmedlemer, som er Karstein Stene, Marvid Dale, Ivar Fivesdal,
Arnt Brandtun , Magne Hope og Hans Wergeland.
Styre:
Øystein Hope, formann
Lars Hellandsjø, nestformann
Tor Iversen
Ivar K. Johannessen
Arvid Sulen
Frode Skaar
Trond Helland
Nils Landro
Cathrine Dreyer Hermansen
Valnemnd:
Rune Fanebust (formann), Helge
Langenes og Nils Træland.
Arbeidsutval:
Øystein Hope, formann, Lars
Hellandsjø og Trond Helland.
Revisor:
Svein Hodneland varamann: Oddvar Sundsbø.
Styret har sett ned desse utval:
Næringsutval:
Ivar K. Johannessen, formann, Trond Helland, Tor Iversen, Frode
Skaar og Arnt Brandtun.
Utdanningsutval:
Nils Landro, formann, Lars
Hellandsjø, Jarleiv Haugland og Magnus Kvingedal.
Kommunikasjonsutvalet:
Arvid Sulen, formann, Cathrine Dreyer Hermansen, Hans Wergeland,
Magne Hope og Roald Olsvold.
Regionrådet sitt kontor er sekretariat for
laget.
Det regionale næringsutval, samt Styret
for Kompensasjonsfondet
Øystein Hope og Ivar K. Johannessen
Varamenn: 1. Tor Iversen 2. Rune Fanebust
Stiftelsen Lyngheisenteret
Styremedlem Anne Sofie Hilland med Atle Kvamme som varamedlem.
Styret for Opplæringskontoret for
Nordhordland
Nils Landro styremedlem.
Styret i Mongstad Vekst AS
Styremedlem Arnt Brandtun Varerepr.: Øystein Hope
Formannen representerer laget i andre
samskipnader.
NHIL har aksjer i Mongstad Vekst AS og
Nordhordland Industriservice AS.
Aktivitet:
I 2003 har det vore 9 styremøter og det har vore 1 medlemsmøte.
Styret har hatt 57 saker til handsaming, og det meste av arbeidet
med desse har føregått i utvala:
Næringsutvalet
Næringsutvalet har vore Arnt
Brandtun, Trond Helland, Tor Iversen, Frode Skaar og Ivar K.
Johannessen (formann).
Utvalet har vore sterkt engasjert og med stor aktivitet.
Av saker som har vore arbeidd med er:
- Næringskonferanse på Mongstad
- Kompensasjonsfondet etter auke i arbeidsgjevaravgifta.
- Mongstad Vekst as
- Møte med leiinga i Statoil Mongstad as
- Revisjon av utvalet sine tiltak i strategiplanen.
- Møte med politikarane i regionen for marknadsføring og forståing
for betydninga av industrien i regionen.
Utdanningsutvalet
Utvalget har i år hatt disse
medlemmene:
Lars Hellandsjø
Jarleiv Haugland
Magnus Kvingedal
Nils Landro (form)
Utdanningsutvalget sine møter har vært
avholdt høst og vinter. Utvalget har vært opptatt av disse sakene:
Etablering av nettverk for kompetanseheving
for næringslivet i Nordhordland. Vi har har samarbeid med Lillian
Vabø Mongstad ved Opplæringskontoret for Nordhordland, og har søkt
og fått midlar frå kompensasjonfondet til et forprosjekt vedr.
kompetanseheving for næringslivet i nordhordalandsregionen. Arbeider
nå med å få prosjektet ut i livet i henhold til prosjektplanen.
Dette er eit av tiltaka i Strategisk Næringsplan under strategi
"Kompetanse".
- Har også deltatt på styremøter i
Opplæringskontoret for Nordhordland.
- Har deltatt på diverse møter på vegne av NHIL utdanningsuvalget.
- Har deltatt i nettgruppa for SING, breibandsprosjektet i
Nordhordland.
- Har deltatt i juryen for kåring av beste elevbedrift i forb.med
utdanningsmessa.
- Har tatt initiativ til vurdering av framtidig organisering av
laget.
Kommunikasjonsutvalget
Kommunikasjonsutvalget har i år vore Hans Wergeland, Magne Hope,
Roald Olsvold,
Cathrine Dreyer Hermansen og Arvid Sulen
(formann), og har igjen gjennomført eit aktivt arbeidsår, der det
har vore 3 saker som har hatt fokus.
Sak 1. Leiarnettverket "Tryggare styring" ( tiltak 4.2 i
strategiplan )
Målsetting for nettverket :
Gjennom aktivt arbeid i nettverket, ved sosialt samvær, læring,
trening og yting, skal deltakarane bli betre leiarar, samt kunna
overføra kunnskapen til regionalt samarbeid, og til eigne bedrifter
for å oppnå betre forretningsresultat.
Nettverket har hatt fire samlinger i 2003 og tema for disse
samlingene har vore:
1. samling: Økonomiforståing / Omstillingsevne, stressmestring
2. samling: Aksjeloven / Bedriftsbesøk i Hardanger
3. samling: Personlighetstyper./ Personlig prestasjonsstandard /
Motivasjon.
4. samling: Nettverket - Evaluering av året 2003 og planlegging for
2004.
Rullering av " Strategiplan m/ handlingsplan for NHIL " /
HMS-prosjektet.
Nettverket sitt opplegg for år 2004 :
- Nettverket ynskjer å halda fram omlag etter same modell som i år.
Faglig nivå må holdes.
- "Lunch til lunch-samlingar" med overnatting, 4 gonger i året.
Faste "påregnelige" datoar.
- Ta opp aktuelle tema gjennom foredrag og gruppearbeid.
- Cathrine Dreyer Hermansen og Lasse Ståløy er vald til
arbeidsgruppe saman med sekretæren for å
planleggja gjennomføring av neste års
nettverkssamlingar (tidspunkt og innhald).
- Fokusere meir på framtidig regional næringsutvikling. Få opp
optimismen!
- Vurdere om andre i bedriften kan vera med enkelte samlingar når
tema passar.
- Årleg økonomisk tak bør vera max kr. 6-7.000,- pr. deltakar.
Sak 2. HMS - prosjekt i bedriftene (
tiltak 4.1 i strategiplan )
Med ekstern prosjektleder har nå HMS - prosjektet kommet godt
igang med ca 20 deltakere fra små og mellomstore bedrifter.
Opplegget er skreddersydd og tilpasset for disse og prosjektet har
god fremdrift med god tilbakemelding.
Varigheten av dette prosjektet er avhengig
av hvor langt vi kommer med tidligere tildelte økonomiske middler
fra fondet.Veien videre er avhengig av deltakerne sin interesse og
tilgang på økonomiske midler.
Sak 3. Lagstur.
Turen hadde også i år ein sosial og faglig god profil. Vi reiste
med hurtigruta til Ålesund medio oktober og det viste seg å være
stor interesse for turen, ca 60 påmeldte og positive tilbakemelding
tilseier at forventningane vart innfridd.
Første dag på turen besøkte vi Ulstein Verft
i Ulsteinvik, ein leverandør som bygger / setter sammen båter av
alle slag, deriblandt supply båter.Vi ble tatt godt imot og fikk en
fantastisk omvisning på verftet og ombord i en supplybåt som skulle
leveres til Farstad Shipping i Ålesund. Derfra med buss og båt via
Hareide til Ålesund hvor vi etter en lang dag avsluttet med et besøk
hos Farstad Shipping. Søndag var avsatt til egen disposisjon, som
vart nytta av eindel til eit fint og interessant besøk i
Atlanterhavsparken. Eindel nytta dagen til trimtur til Aksla og fekk
med seg den flotte utsikta over Mørekysten.
Kommunikasjonsutvalet takkar for all hjelp
og støtte me har fått i året som har gått og ser fram til vidare
arbeid med den største interesse.
Arbeidsutvalet
Har behandla tilsetting av dagleg leiar og forslag om val av
nestformann på årsmøtet.
Sluttord:
År 2003 har vore eit år med store utfordringar. Næringslivet har no
levd med auka kostnader pga. auke i arbeidsgjevaravgifta i 3 år. Me
har måtta tilpassa oss dette, og ligg no i same sone som Bergen og
Oslo.Konklusjonen må vera at me har like god infrastruktur som
storbyane.
Ei av dei viktigaste sakene me har arbiedd
med i 2003 / starten av 2004 er evt. tilsetjing av dagleg leiar.
Dette har me skaffa midlar til gjennom kompensasjonsfondet.
Styret meiner at ein dagleg leiar vil styrka
både laget og næringsarbeidet i regionen.
Kompensasjonsfondet er no nesten tomt.
Næringslivet har vore flink å søkja, og dette har no tilført mykje
kompetanseheving. Eit stort fond i regionen har kanskje redusert
straumen av andre offentlege midlar til regionen?
Me er i ei tid med historisk lav rente.
Dette slår positivt ut for bedrifter med investeringsbehov, negativt
for dei med pengar i "banken". Samtidig har me lav dollarkurs og høg
kurs på Euro. Å handla råvarer i Europa og selje i Usdollar er med
på å gjera situasjonen ekstra vanskeleg for eksportbedriftene.
Vårt engasjement i Mongstad Vekst AS har
vist seg å vore positivt og har bidratt til høgare aktivitet i
regionen.
Frå sentralt hald kjem det signal om at
kommunane må samarbeide / slå seg saman. Kjem dette til å påvirke
vår region?
Styret vil takka alle som har vore med og
arbeidd for laget og medlemsbedriftene. Spesielt vil vi takka
tidlegare styremedlemer og æresmedlemer for innsatsen i laget. Sist
og ikkje minst ser ein kor viktig sekretærtenesta er for sjølve
drifta av laget, takk til Jostein Skråmestø og Kari Evensen Natland
for godt utført arbeid.
Til slutt ønskjer styret i NHIL
medlemsbedriftene lukke til med arbeidet videre, og ta gjerne
kontakt dersom det er noe ein meiner laget kan ta fatt i.
Knarvik, 24. mars 04.
|
Øystein Hope (s) |
Kari Evensen Natland(s) |
|
Formann |
Sekretær
|